I dag fekk eg vere med på ein foreldresamtale, i samanheng med praksis. Det var ei spennande erfaring. Det var interessant å sjå korleis kontaktlærar på førehand hadde sett seg godt inn i korleis eleven ligg an både faglig og sosialt. For kvar elev hadde ho skrive eit notat på både det som er bra eller, har blitt betre, og det som eleven treng å jobbe litt ekstra med framover. Ho starta samtalen med å spørje om det var noko mora hadde på hjartet. Då det eigentlig ikkje var det, fortalde ho om korleis eleven gjer det på skulen og korleis utviklinga har vore. I og med dette er første trinnet, vert det naturleg å snakke ein del om utviklinga innanfor lese- og skriveopplæringa. Læraren fortalde og litt om korleis eleven har gjort det på dei ulike testane dei har gjort av elevane i løpet av året.
Det som var kjekt å sjå, var korleis kontaktlærar fekk det til å bli ein uhøgtidleg samtale, to vaksne imellom. Det har gjerne lett for at det kan bli litt ubehageleg i slike situasjonar, nokre foreldre kan oppfatte lærarens anbefalingar eller råd som kritikk. Som lærar må ein i ein foreldresamtalesituasjon vere aktsam med ordval og korleis ein legg ting fram.
onsdag 16. april 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Eg syntes også at foredre samtale var ein interessant og lærerik "prosjekt" å få delta på. Eg har aldri sjølv vært borti foreldre samtale i løp av dei fire åra eg har gått på lærerskulen, så dette var ei grei erfaring å få med seg.
Legg inn en kommentar